Velkommen til Olderdalen FUS kulturbarnehage!
Olderdalen FUS kulturbarnehage er ein barnehage som ligg på Heiane, på Stord.
Som kulturbarnehage er me i Olderdalen kulturformidlarar i kvardagen, og me har fokus på arv og tradisjon, leik og gode opplevingar.
Me deler barna inn i faste grupper med faste vaksne på gruppene.
I Olderdalen FUS kulturbarnehage er det barnehageåret 2022/2023 86 barn, og det er for tida 23 ansatte i barnehagen.
Gruppene i Olderdalen har navn etter ei barneregle:
Akka Bakka, Bonka Rakka, Etla Metla, Sjong Dong Fillifjong og Issa Bissa.
Barnehagen er open frå 06.30 - 16.30 kvar dag, sjå "Barnehageruta" for meir info om planleggingsdagar, osv.
Barna har med seg frukost i barnehagen, me tilbyr lunsj, frukt og melk.
Lunsjmåltida varierar mellom: brød m/pålegg og grønsaker. varm lunsj 1 dag pr. veke, havregrynsgraut 1 dag pr. veke, og ostesmørbrød 1 dag pr. veke.
Foreldra betalar kr. 250,- i matpengar pr. mnd.
Mellom 09.30 og 14.00 er det fokustid i barnehagen, og gruppene er avdelingsvis.
Då er det tid og anledning til aktivitetar, turar, samling, osv.
Heile FUS-kjeden har CLASS og TIK som satsingsområde, du kan lese meir om dette i årsplanen vår, som du finn under "Dokumenter".
Me jobbar med CLASS og TIK på personalmøter og planleggingsdagar.
På personalmøta dette barnehageåret, har me og fokus på fagområda i Rammeplanen, også Rammeplanen finn du under "Dokumenter".