Olderdalen kulturbarnehage
 


Siste nytt:

Foreldre og ansatte kan følga oss på lukka gruppe på Facebook.

Søk etter:

Olderdalen FUS kulturbarnehage as

Send forespørsel om å få bli med i gruppa.


--------------------------------

Me ynskjer små og store velkommen til nytt barnehageår!

Tirsdag 16.08 er me klare til å ta imot nye og "gamle" barn etter sommarferien!

Velkommen!



-----------------------------------------------


God sommar!



Me vil ønska små og store i Olderdalen god sommar! Håpar det blir ein flott sommarferie for alle!

Dette barnehageåret har vore eit innhaldsrikt år med mange opplevingar og gode minner å tenka tilbake på.
Til dei som sluttar seier me: lukke til vidare!

     


Sommarhelsing frå Anne Mari og resten av gjengen!


     


----------------------------------------------------

Olderdalen FUS kulturbarnehage er ein av mange FUS-barnehagar i Norge!

FUS og Olderdalen sin visjon:
"Saman gir me barndomen verdi:
leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti"

FUS og Olderdalen sine verdiar:
....glødande
....skapande
....vera tilstades

Olderdalen FUS kulturbarnehage har fokus på dei estetiske områda
drama, forming og musikk.

Me har fem aldersinndelte grupper i Olderdalen:
Akka Bakka, Bonka Rakka, Etla Metla, Sjong Dong Fillifjong og Issa Bissa :)


                                               


--------------------------------------------------
 

JUNI 

....juni kom fort - juni blåste nesten bort.... Velvel, det gjeld å nyta kvar ein dag så godt me kan!

Me har hatt to kjekke sommaravslutningar i Olderdalen.
Først var det storebasen med fuglakonsert, så var det litlebasen med si forestilling. Me er veldig fornøyde med begge avslutningane, og er kjempeglade for at det var så mange som ville vera gjester!

Det har vore fotografering og bileta ser kjempeflotte ut!

Ferievviklinga er igong for både barn og personal, slik vil det vera heilt til oppstart av nytt barnehageår medio august.

Føl ellers med på mail då det jevnlig vert sendt ut viktig info frå oss.

Ha fine dagar - god sommar!

         

Mai

"Kom mai du skjønne milde...." Velvel, i går hadde me 17.mai-feiring i barnehagen: først iskaldt og snøbyger, deretter sol og blå himmel. Ganske varierande....

       

Ellers håpar me resten av mnd. blir varm og fin, slik at dagane kan nytast ute!

I slutten av mnd. er det teaterforestilling og sommarfest for storebasen, info om dette er sendt på mail. 
Litlebasen skal ha sommarfest i begynnelsen av juni. Info blir sendt på mail når det nermar seg.
Tema for både litlebasen og storebasen er som kjent: fuglar



Ønsker allle ein fin månad - i mai er det mange fridagar som dåke må nyta med dei kjekke små :) :)

Ta kontakt om det er noko!

----------------------------------------------------------------------


April

...."jeg velger meg april"....

Påsken er over for denne gong, håpar dåke har hatt det fint!

No føler me at våren er komen, og det har allerede vore eindel fine dagar :) Barna fryda seg når syklar og andre leiker kunne takast i bruk igjen! 



Det er sendt ut viktig info på mail til alle foreldre - husk å les :)

Ta kontakt om det er noko du vil ta opp!


 

---------------------------------------

MARS

"Det er kaldt i januar, snø og is i februar, mars er heller ikkje mild".... er deler av  teksten i ei barnevise. 
Men no ser det ut som om snøen forsvinn og våren er på veg!

Det er sendt ut info til alle foreldre, frå dei ulike gruppene. Dersom du ikkje har mottatt, sei frå til dagleg leiar.  

  

For tida er det mest fokus på påske, men etter påske er det fuglaprosjekt for fullt igjen!! 

Me har fellessamling på storebasen ein gong pr. veke - og der er det mykje som skjer.... Det har vore eindel gode kommentarar frå barna, og både små og store kosar seg!
Eindel av barna på litlebasen er og med på fellessamlinga, men av og til når dei to litt skumle heksene kjem på besøk har litlebasen valgt å vera for seg sjølv....

  

-----------------------------------

Februar

Her er litt info som gjeld februar måned. Alle foreldre kan lesa meir på mail som vart sendt tidlegare denne veka.

I veke 6 har mykje handla om fastelaven: fastelavensris og fastelavensbollar :) :) Små og store har kosa seg!

I veke 7 er det karneval som vert den store hendinga.... Det er alltid stor stas å sjå dei søte små i flotte kostyme!
....og jamen er det slik at ein del av personalet ser veldig fram til denne dagen, og!!
Barna har laga instrument som dei skal spela i karnevalstoget, blir veldig kjekt :) :)

I veke 8 begynnar me arbeidet med det store fellesprosjektet me skal ha i vår: fuglar.
Planlegginga er godt i gong, og både kostyme, musikk, dans, drama og koreografi begynnar å ta form.
Alle foreldre får sjølvsagt meir info etterkvart, gle dåke!
Her ser du nokre av fuglane me skal ha fokus på: 


     



Hallo alle saman!

Då er tida inne for å ønska alle saman eit godt nytt år!
Velkommen til nye barn og foreldre, og takk for samarbeidet til dåke "gamle". Håpar dåke har hatt fine og gode dagar i jule-og nyttårshelga!

Planar og anna info vert som vanleg sendt ut på mail.

Ha det bra til me snakkast igjen!



       

Hallo!

....då er det allerede blitt desember og juleførebuinga er godt i gong i barnehagen.
Det luktar pepperkaker over heile huset.... ;)

Me ønsker at denne tida skal vera ei opplevelsesrik og minnerik tid for barna, og me gjer mange kjekke ting :) 

Det er sendt info på mail om litt forskjellig, og det er berre å ta kontakt om det er noko du lurar på!

Luciafeiring og Nissefest er tradisjonar me markerar, i tillegg til at dei eldste barna er med på "Julevandring" i kyrkja.

Baking og juleverkstad høyrer og med - i tillegg til fine adventssamlingar :)

Me håpar at desember blir fin og kjekk for alle små og store!

-----------------------------



Heihei :)

Her er litt generell info, ellers vert info som vanleg sendt på mail til dåke.

Studentane har vore i tre veker, og er no ferdig med denne "økta".

Dei fleste av foreldresamtalane er gjennomført, takk for godt frammøte! Resten av samtalane blir i januar, og dei som ikkje kunne møta no får ny tid i januar.

Det er planleggingsdag i november, føl med på mail/info på inngongsdørane.

Ellers håpar me på ein flott november, fine haustdagar er noko me alle likar!

     
------------------------------------
Oktober
     I dag er det 1. oktober, og det er ein flott haustdag!  

I begynnelsen av oktober er det foreldremøter, det blir kjekt å treffa kvarandre og bli litt betre kjent!
Møta for litlebasen og storebasen er på ulike dagar, viser til mail som er sendt tidlegare.

I slutten av oktober vil me tilby foreldresamtalar.
Samtalane vil foregå på dagtid, og alle får tilbud om samtale. Me sender ut liste med dato og klokkeslett.

Dei ulike gruppene har jobba ei stund med prosjektarbeida sine, og det er mange ulike prosjekt på gong....!

Til dei som skal ha haustferie: god haustferie!
Til dei som ikkje skal ha haustferie: me snakkast!

       

--------------------------------------------------------------------------------


 September

Heihei alle saman :) Jamen er det allerede september....

Info om ulike saker og ting er sendt til foreldre på mail, lurt å sjekka jevnlig :) 

I september er det både planleggingsdagar, studentar i barnehagen, foreldremøte, osv.  Sjekk barnehageruta, mail og oppslag i garderobane som viser datoar.
Info om foreldremøte kjem på mail.


  

----------------------------------------------

AUGUST

Nytt barnehageår startar medio august - diverse info til foreldre blir som vanleg sendt på mail.

-------------------------------------------------------

   


Juli er feriemånad for dei fleste, og me i Olderdalen FUS-barnehage ønsker alle ein god ferie! Velkomen tilbake etter ferien for dei som skal fortsetje hos oss!
Til dei som sluttar i barnehagen seier me takk for godt samarbeid og lykke til vidare!



------------------------------------------------------------------------------------------------


 

JUNI 

Juni er gode sommardagar i barnehagen - små og store nyter dei flotte dagane med sol og varme!! Fortsatt kan me godt tenka oss litt meir sol.... og litt meir varme....

Dei eldste barna har hatt samling med foreldre/besteforeldre, og flotte forestillingar vart vist! Dei yngste skal ha samling for foreldre neste veke, og er i full gong med førebuinga :) :)

Det nermar seg sommarferie for både små og store -nokon sluttar og andre begynnar- og meir info om dette kjem på mail i løpet av kort tid.

   


-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


      MAI        

...og vips var det mai.... :) :)

Me jobbar med ein ny link som vil komma på heimesida i løpet av eitpar veker. Tema vil sjølvsagt vera "Edderkoppar".
Det er fascinerande å observera barna kor opptekne dei er av desse små, svarte krypa.... som vaksne gjerne blir vettskremt av....!!

 
Ellers i mai vert det planting av blomar og markering av nasjonaldagen.
Små og store har idag vore skikkeleg engasjerte og hatt opprydding ute: plukka boss, og kosta både sand og stein!!

Me skal ha to internasjonale besøk i løpet av dei neste vekene, det blir skikkeleg kjekt!
Det kjem ei gruppe i regi av FOS (Forum for oppvekst i Sunnhordland), og det kjem ei gruppe i regi av Comenius.
Comenius er eit samarbeidsprosjekt mellom barnehagar og skular i Europa, og fleire av oss har vore med på slike internasjonale samarbeidsprosjekt tidlegare - veldig kjekt og veldig lærerikt for alle partar!

Brukarundersøinga i regi af FUS er snart klar, og foreldre skal gjennomføre den via internett. Dersom du ikkje har pc/internett heime, sei frå til oss så kan du låne pc i barnehagen :) :)

Meir detaljert foreldreinfo vert som vanleg sendt på mail til dåke :)

God mai månad til alle!!

          

-------------------------------------------------------------


      


Hallo alle saman!
Kan tru me har hatt ein super dag i dag: deilig påskelunsj og kjekke samlingar :) Den ekte påskeharen har til og med vore her, og på litlebasen dukka det plutselig opp ein "kylling".... Små og store har kosa seg!
No er det nydeleg vårver ute, med blå himmel og sol!!

I slutten av april startar me på eit nytt fellesprosjekt som skal vare ut juni: "Edderkoppar". Personalet har allerede fått i oppdrag å lese/lære/forske/finne edderkoppar....

Meir info om dette prosjektet kjem etterkvart :)

Me håpar alle får kjekke dagar i påskeferien, ha det bra til me snakkast igjen!!


    


----------------------------------------------------------------------------------------------------------

   

Så var me allerede komt til mars!! Februar var ein kort måned som gjekk veldig fort....Karnevalsfeiringa var veldig kjekk, og me har laga cd m/bilder og musikk som eit koseleg minne frå karnevalsdagen :) :) Ta kontakt med personalet dersom du er i interessert i ein kopi:) 

No har me såvidt starta med tema: "Påske", og me har ulike aktivitetar/opplegg som skal skje i den anledning. Info om dette kjem på mail litt seinare.

"Barnehagedagen" er i år 24. mars, og den vil me markere. Det er ulike opplegg som skjer denne dagen, og me skal markere denne viktige dagen på ein flott måte! Info kjem når opplegget er klart!

I februar/mars har assistentane vore på kurs i Oslo i regi av FUS. Dei kom engasjerte tilbake etter kursopphaldet, og syns det hadde vore kjempekjekt!
I neste omgong er det fagarbeidarane som skal på kurs.

Me avsluttar denne korte infoen med logoen vår, for me syns den er så fin!! ;) ;)









Allerede februar, tida går visst like fort i år og....!

Februar er karnevalstid - til glede for både små og store!
Førebuingane er allereie godt igong, og det går i: masker, ansiktsmaling, instrument, o.l.
Karnevalsfeiringa vert onsdag 18.02, mellom 10.00 og 12.00, og alle barna er velkomne til fering denne dagen.

Fastelaven skal me òg markere, det blir nok både fastelavensris og fastelavensbollar....

Det er planleggingsdag i februar, og denne gong skal personalet omorganisera romma/bruken av romma.
....det blir nok spennande for nokon og einkvar....

Meir om dette -og litt til- får du tilsendt på mail i infoen som kjem i veke 7.

Ta ellers kontakt dersom det er noko!

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Hallo alle saman og godt nytt år!

Brannvern er prosjektet me jobbar med denne månaden. Meir info om dette og kva prosjekt me skal jobbe med framover, kan du lese om på januar-info som blir sendt ut i løpet av kort tid.

     


----------------------------------------------------------

Viktig info:


Det nermar seg planleggingsdag for pesonalet, sjå barnehageruta og skriftleg info for nermare beskjed.

Det er felles planleggingsdag for barnehagar og skular i kommunen, og personalet har fått tilbud om å delta på ulike kurs.

Personalet i Olderdalen kulturbarnehage skal delta på desse kursa: 
- pedagogisk dokumentasjon
- barns medverknad
- drama i barnehagen
- observasjon og forståelse av samspel mellom små barn og vaksne

      

Me håpar og trur det er nyttige og lærerike kurs for oss :)

--------------------------------------------------


Forslag til navn på basane?

Me treng hjelp til å finna navn på basane våre, og tek gjerne imot gode forslag! Me treng 5 navn, så send forslag på mail eller sei ifrå til personalet i garderoben :)



-------------------------------------------------------

Fotografering for alle barna onsdag 01.10. Sjå oppslag i garderobane :)

-------------------------------------------------------

NB!

Minnar om foreldremøta i Olderdalen kulturbarnehage, torsdag 25.09. og torsdag 02.10. Meir info i foreldreinfoen frå september.

Velkommen :)


-------------------------------------------------------


Heihei, her er to viktige meldingar:

- Barnehagen er stengt mandag 22.09 og tirsdag 23.09 pga. planleggingsdagar.
I løpet av barnehageåret har me 5 planleggingsdagar. 2 av desse dagane er felles med kommunen (i november og i februar). Dei dagane barnehagar og skular har felles planleggingsdag, gjer det naturlegvis enklare for dei med barn både i barnehage og skule.
Me har barn som høyrer til fire ulike skulekrinsar, og sidan skuleruta er ulik frå skule til skule, er det desverre ikkje mulig at alle planleggingsdagane i vår barnehage vert felles med skulane.     Me håpar alle får ordna seg på best mulig måte :)

- Det vert foreldremøte torsdag 25.09 og torsdag 02.10.

Meir info om dette finn du i skrivet som vart delt ut i veke 37.


            

-------------------------------------------------------------------------------------

                    


....å spela trommer er kjekt....

....gode hjelparar....

....hmmm, her såg det spennande ut....

--------------------------------------------------------------------------------------
Olderdalen kulturbarnehage er ein barnehage i FUS-familien.  
Alle FUS-barnehagane har same visjon og verdiar:

Vår visjon:
"Saman gir me barndomen verdi:
leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti"

Våre verdiar:
....glødande
....skapande
....vera tilstades




--------------------------------------------------------------------------------------

Kort info:
        


Me er endeleg flytta inn i den nye barnehagen vår -hurra- så no er både små og store på plass!

Barnehagen er moderne og innreda med friske fargar og eit kreativt designinteriør, nokre bilder er lagt ut under tittelen "Inne/ute" :)

Ta gjerne kontakt for besøk/omvisning!  

----------------------------------------------------

Bilete frå opningsfesten i Olderdalen kulturbarnehage blir lagt ut på lukka område (som er for foreldre og ansatte) i løpet av kort tid, føl med....!
....no er det mange bilete (og fleire vil det bli) under tittelen "Opningsfest", så det er berre å logge inn!

Her er litt som alle kan sjå:

   

     

   


---------------------------------------------------

....her kan du sjå og lesa litt om kva me held på med for tida.... :)

SOMMARFUGLPROSJEKT:

Me arbeidar no med eit spennande sommarfuglprosjekt her i Olderdalen Kulturbarnehage.

....då får me støtt og stadig besøk av to rare larvar som berre finn på tull og tøys....

Den eine heiter "ARVE LARVE" og den andre heiter "HELLE PELLE", du har kanskje høyrt om dei??
Dei er to gode venner, men som venner flest, kranglar dei av og til, hmmm....

 

HER ER ARVE LARVE:



HER ER HELLE PELLE:



Såpe-boble-dans:



Dei to larvene finn på mykje rart:






Me leitar etter larver som me skal "dyrka" fram til sommarfuglar:
(Ved Kulturstova vår er det massevis av larvar.... Me har tatt nokon av dei med tilbake til barnehagen, dei har me i bur og passar godt på dei....)



....og me lagar sommarfuglar:


....om litt vil det komma fleire bilder, då kan du logga deg inn og sjå fleire bilder fra sommarfuglprosjektet
(....og selvfølgelig av Arve Larve og Helle Pelle)

----------------------------------------------------

....så litt om 17.mai....

HURRA FOR 17. MAI :)

Fredag 16.mai hadde me ei flott feiring av nasjonaldagen vår i Olderdalen kulturbarnehage! 

Små og store laga eit langt tog, og me gjekk rundt huset og enda opp på samlingsplassen framfor kjøkkenet. 

Dei eldste barna gjekk først, og me hadde flaggborg, flotte faner, song og musikk.

Etter "Tale for dagen" med to av dei eldste barna, var det tid for tradisjonelle 17.mai-leikar: potetløp, sekkeløp og sykkelløp....

Maten denne dagen var naturlegvis pølse med brød, saft, is og frukt :)   

Heilt til sist var det felles skattejakt.... :)

                                                        

 


Fleire bilder frå feiringa finn du dersom du loggar deg inn på lukka område :)


----------------------------------------------------


Kor kjem humlene frå, og kor blir det av dei når dei susar avgårde....?
....store opplevingar, små oppdagingar, læring, leik og latter i trygge omgivelsar!

 

Livet handlar om så mangt og byr på mange utfordringar. Du finn dagar med mykje sol og du finn dagar med mindre sol, ja faktisk eindel dagar heilt utan sol.... 

Me vil gjerne tilbringe dagane saman med ditt barn og bidra til at ruskaversdagane blir mindre grå og at solskinnsdagane vert endå finare!



Olderdalen kulturbarnehage vert den første kulturbarnehagen på Stord og det er me stolte av! Me har valgt å ha fokus på drama, forming og musikk.

I Olderdalen kulturbarnehage har me 87 barn i alderen 0-6 år, saman med eit personale som satsar på oppleving og utfordring, leik og læring, latter, humor og glede :) Som kulturbarnehage vil me ha fokus på drama, forming og musikk. Me vil samarbeida med HSH, lokale kunstnarar og Kulturskulen.

Barnehagens heimeside vil i fyrste omgang vera ei informasjonsside til foreldre og andre interesserte.
Etter kvart vert heimesida eit viktig verktøy for informasjon og kommunikasjon mellom barnehagen og foreldra :)

 

Logg på administrasjonssidene